I Valldal Aktivitetspark finn du meir enn 1500 meter med klatreløyper i alle høgder og lengder. Du finn garantert ei løype som passar, uansett om du er liten eller stor. Plassert idyllisk langs elva kan du ta med mat og drikke, finne deg ein plass i sola eller skuggen, og bruke heile dagen til klatring, kos og piknik.
Høgtflygande ziplines over elva gjev vind i håret og kribling i magen. Ein herleg bagjump med inntil 4 meter i fritt fall, og ein liten badekulp med sandstrand er nytt av året. Det er lett å ha det kjekt heile dagen i aktivitetsparken.
I dobbel kajakk kan ein på trygt vis lose borna gjennom den majestetiske verdsarvfjorden Tafjorden enten med eller utan guide. Å ha med guide på ein slik tur kan gje mange fordelar, spesielt for born som gjerne har «tusen spørsmål» om alt dei ser og opplever. Kanskje kjem det ei havørn seglande, eller ei nise svømmande forbi? Fjorden er full av opplevingar.
Det er kort mellom fjellturane også, og ein treng ikkje å gå høgt eller langt for å finne fantastisk utsikt og spennande natur. Uteguiden har fleire turar som passar for heile familien.
Etter ein lang dag ute i naturen kan det passe å ta fram rockefoten, finne ei bowlingkule og sette i gang ein uformell familiekonkurranse. Kven får strike først? Vinnaren kan kanskje spandere ein rykande fersk pizza? Hos Kulå finn du fire bowlingbaner, biljard og airhockey. I tillegg til pizza har dei også ein a la carte meny og sjølvsagt eigen barnemeny. Hos Kulå er det god atmosfære og ein kan velje å site både ute og inne.
I andre etasje er det spenning å finne i escapelabyrinten TrollDungeon. Her blir ein lokka inn i fangeholet til trolla, og må finne vegen ut att. Passar for alle over 8 år.
Å bu på Valldal Fjordhotell betyr hyggeleg vertskap, eigen veranda rett utanfor rommet, ein innbydande hage og nokre lette fotsteg unna den vakre fjorden. Restauranten byr også på velsmakande, lokale rettar. Sjølv om hotellet ligg roleg til i fjordkanten er det likevel sentralt plassert midt mellom sentrum og den populære badestranda.
Når tida kjem for å krype inn under ei nyoppreidd dyne er det fint å vite at ein får sove godt i kortreiste senger.