Billettkjøp
Når du bestiller billettar på vår nettside eller via e-post blir du bedt om å registrere personlege opplysningar. Namn, telefonnummer, e-post, og eventuelle andre personopplysningar som måtte følgje av dialogen. Dette er informasjon som er nødvendig for at vi skal kunne oppfylle avtalen vi har med deg.
Nyheitsbrev
Du kan abonnere på nyheitsbrev dersom du ynskjer å få informasjon og tilbod frå oss på e-post. For at vi skal sende e-post til riktig person, må vi registrere namn og e-postadresse i vårt meldingssystem. I meldingssystemet vil vi også kunne sjå om du opnar e-posten, og kva lenker du klikkar på. Du kan enkelt melde deg av via lenka i nyheitsbrevet vi sender deg.
Informasjonskapslar (cookies)
Vi bruker informasjonskapslar (cookies) som gjer at vår nettstad kan kjenne igjen di datamaskin eller mobiltelefon. Informasjonen som loggast er ikkje knytt opp mot den besøkande og kan ikkje sporast tilbake til deg som enkeltperson. Informasjonen samlast inn og brukast saman med analyseverktøyet Google Analytics for betre å kunne forstå korleis våre brukarar brukar nettstaden, slik kan vi tilpasse funksjon og struktur for å gjer det meir optimalt til deg som brukar.
Rettigheiter
Alle som spør har rett på grunnleggande informasjon om korleis ei verksemd behandlar personopplysingar. I denne erklæringa omtalar vi kva opplysningar vi samlar inn og korleis dei brukast. Dersom du er registrert i eit av systema til Valldal Aktivitetspark AS har du rett på innsyn i dine eigne personopplysningar. Du kan også be om retting eller sletting av mangelfulle eller uriktige opplysingar. Kravet ditt vil bli behandla kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar. Alle førespurnadar om innsyn i personopplysningar kan rettast til post@valldalaktivitetspark.no