Billettar
Kjøp av billettar på nett
Vi tilrår å kjøpe billettar på våre nettsider, då får du best pris og er sikra plass ved ankomst. Du får billetten tilsendt på e-post som du må vise i billettluka når du kjem
Billettar må kjøpast seinast kl 10.00. Det er altså ikkje muleg å kjøpe billettar online etter dette for inneverande dag.
Drop-inDet er også muleg å kome innom parken på såkalla drop-in. Då betalar du billett og skriv under eigenerklæring ved oppmøte. Vi har avgrensa kapasitet på klatreselar slik at ein kan risikere at det er fullt. Siste mulige drop-in er 2 timar før parken stenger.
SesongkortVi sel sesongkort både på nettsida vår og i billettluka i parken. Sesongkortet er personleg og kan kun nyttast av ein person. Har du sesongkort og ynskjer å reservere plass, gå inn under
Kjøp billett på nettsida vår og velg fana «Reservasjon». Velg dato og kjøp reservasjon. Du kan også møte opp i parken og vise sesongkortet i billettluka, men då er du ikkje sikra plass dersom det er fullt og du risikerer og måtte vente på ledig klatresele.
GåvekortGåvekort må kjøpast på nettsida vår under
Kjøp billett. Her kan du velje mellom fleire ulike verdiar på kortet. Når du kjøper gåvekort får du tilsendt eit elektronisk gåvekort på e-post. Dette kan brukast som betaling på alle våre dagskort og sesongkort. Brukar du ikkje heile beløpet kan resterande beløp brukast ved ei seinare anledning. Varigheit er to år.
Sikkerheit
OpplæringAlle klatrande må gjennom ei opplæring før ein kan klatre på eigenhand. Opplæringa tek omlag 15-20 minutt. Det blir gitt opplæring på video der det blir gått gjennom reglar og utstyr. Etterpå skal kvar enkelt gjest ha ein praktisk gjennomgang i opplæringsløypa. Vi gjer merksam på at den praktiske gjennomgangen må vise at gjesten er skikka til å klatre på eigenhand. Instruktør har høve til å nekte adgang til løypene dersom det viser seg at gjesten ikkje følg våre sikkerheitsvilkår.
Aldersgrense og høgdeDet er inga nedre aldersgrense for å klatre i parken, men barn under 12 år må klatre saman med ein vaksen. Maks 4 barn per vaksen. Dei ulike
løypene har forskjellige høgdekrav. For å klatre i barneløypene (gule løyper) er minstehøgda 80 cm. Her skal ein vaksen følge barnet frå bakken. I dei fire familieløypene våre (grøne løyper) er minstehøgda 110 cm, mens i dei to krevjande løypene er minstehøgda 140 cm (blå og raud løype).
EigenerklæringAlle som skal klatre må skrivast opp på ei eigenerklæring. Eit skjema per gruppe/familie. Denne må signerast av ein føresett eller ein vaksen person som er ansvarleg for gruppa. Dersom du kjøper billett på nettsida vår er eigenerklæringa ein del av bestillingsprosessen. Drop-in kundar må signere skjema ved oppmøte.
DroneHovudregelen er at bruk av drone inne i parken ikkje er lov. Medbrakt drone utan løyve kan bli inndratt av vårt personale til besøket i parken er over. Vi kan tillate flyging av drone etter søknad frå grupper som leiger parken utanfor opningstid. Ta kontakt med oss på epost i forkant av besøket.
Mat og drikke
Kiosk
Kiosken er lokalisert i same bygg som ein kjøper billettar, og er ope frå kl 11:00 og stenger ein time før parken stenger. Her sel vi pølse med brød, is, brus, kaffi og snacks.
Medbrakt mat
Du må gjerne ta med eigen mat til parken om ønskeleg. Vi har benkar og bord plassert rundt i parken både ute og under tak der ein kan nyte eigen mat.
Grilling
Det er to store vedfyrte grillar i parken der du kan grille medbrakt mat. Vi fyrer dei opp litt ut på dagen. Ved og grillredskap er tilgjengelig for våre gjestar.
Vêr og kleskode
Vêret
Parken held ope uansett vêr, men ved kraftig vind eller torden kan vi måtte stenge delar av løypa midlertidig. Det er ikkje noko problem å klatre sjølv om det regnar, og vi har eit overbygg med tak der det er høve til å ta ein pause om det skulle kome ei skikkeleg regnbyge.
Kleskode
Lette tur- eller treningsklede er å anbefale, men kle deg først og fremst etter veret. Det kan være ein fordel med fleire lag då ein fort blir varm når ein er i aktivitet. Joggesko egnar seg best til klatring, men ver merksam på at det er vått i graset om det er eller har vore nedbør. I kiosken sel vi tynne hanskar som egnar seg til klatring. Hanskar kan vere lurt dersom der er kaldt eller om du vil har det litt ekstra komfortabelt.
Fasilitetar
Parkering
Rett etter at du tek av frå hovudvegen finn du parkering langs grusvegen ned mot parken. Parker på merka plassar langs vegen. Parkeringa er gratis og berre for besøkande i parken. Ingen camping.
Toalett
I enden av parkeringsplassen ved inngangen til parken har vi eit toalettbygg. Det eine toalettet er tilpassa rullestolbrukarar og er utstyrt med stellebord.
Benkar og bord
Rundt om i parken har vi benkar og bord både ute og under tak. Her kan du ta ein pause frå klatringa og kanskje ein matbit.
Hundar
Det går fint å ta med hunden i parken så lenge den ikkje er til ulempe for andre gjestar. Sørg for at hunden alltid er i band og hugs pose.
Røyking og snus
Parken er røykfri. Dersom du brukar snus skal brukte snusposar kastast i restavfall og ikkje på bakken! Snusposar kan vere dødeleg for små hundar og svært giftig for små barn.