Ledige stillingar

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter sommarvikarar!

Klatreparkinstruktørar

Vi har nokre stillingar som strekker seg over heile sesongen og nokre som gjeld kun høgsesong.

  • Høgsesong 1.juli - 10.august
  • Sommarsesong 24.mai - 10.august (+evt helger vidare til 14.sep)

Vi søker deg som

  • Er aktiv og friluftsinteressert
  • Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
  • Relevant erfaring frå klatrepark, klatring eller liknande aktivitetar
  • Trivast med å jobbe i høgda
  • Over 18 år og snakkar godt engelsk
  • Stor fordel å prate eit av dei skandinaviske språka

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Opplæring av besøkande, utdeling og tilpassing av klatreutstyr
  • Vakthald og tilsyn i klatreparken i våre opningstider
  • Redning frå klatreløyper ved behov
  • Kontroll av løyper, opning/stenging av park og anna arbeid i forbindelse med daglig drift
  • Enkelte vakter i kiosk/billettluke for den som er interessert i ekstra jobbing
No items found.

Vi har bustad tilgjengeleg for leige til den som treng det.


Personlig brev med CV sendast til Erlend Hjelme på e-post post@valldalaktivitetspark.no

Søknadsfrist: Snarast, innan 23.februar 2025

No items found.