Valldal Aktivitetspark har alt du treng for ein dag eller ettermiddag med moro. Høgdeskrekk seier du? Ingen problem. Vi har klatreløyper som passar til dei som synes det høyrest skummelt ut, og klatreløyper for dei som treng ei skikkeleg utfordring. Faktisk har vi over ein og ein halv kilometer med løypenett i tre og stolpar, så her kan ein velje i fleng.
Her hadde vi AaFK på besøk ein flott septemberdag. Klatring, leik og grilling for ei artig økt med lagbygging.
I tillegg har vi fleire aktivitetar på bakkenivå som involverer heile gruppa samtidig, og som garantert vil få fart på lattermusklane også. Vi har utvikla eigne opplegg for lagbygging, både for små og store grupper der dei mindre gruppene kan prøve seg i ein femkamp eller mesterkamp og dei større gruppene i lagkamp. Aktivitetane her er allsidige og passar for dei aller fleste. Gjennomføringa tek om lag ein time alt etter gruppestorleik. Lagkamp kan vi også levere som ein enkeltståande aktivitet og vi kan også flytte på oss og halde den utanfor aktivitetsparken – heile året. Vi har avtalar med Valldal Fjordhotell, Blåtind Boutique Hotel og Hotel Union Geiranger på dette.
Dagen kan ikkje berre handle om fart og spenning. Vi har ei veldig koseleg utestove med vedfyrte grillar, bord, benkar, og plass til mange. Her kan ein kose seg ute eller under tak, ta med eigen grillmat og slappe av etter at aktiviteten er over.
For grupper som gjerne vil vere i parken aleine går det fint å leige utanfor ordinær opningstid. Dei lange, lyse sommarkveldane gjer det muleg å gjere seg ferdig på arbeid for deretter å sette kursen mot ein kjekk kveld i Valldal Aktivitetspark.
Samarbeidspartnarar
Vi samarbeider både med andre aktivitetsbedrifter og dei som tilbyr overnatting i området og kan også hjelpe til med å sette opp program over fleire dagar. Om det skal vere rafting, juving, kajakk, yoga, sauna, escapelabyrint, eller bowling så kan vi få til det meste!
Send oss ein e-post på post@valldalaktivitetspark.no eller ring oss på 480 90 599 så kan vi saman finne eit opplegg som passar di bedrift!