Aktivitetar for utdrikkingslag

Valldal er det perfekte reisemål for eit utdrikkingslag. Stort utval av aktivitetar og overnattingar og ei passe lang utflukt både frå Ålesund, Molde, Åndalsnes og resten av regionen.

Utdrikkingslag for både damer og menn

Aktivitetar som byr på konkurranse, action og moro er populære når ein skal arrangere eit utdrikkingslag. Ofte er det mange som ikkje kjenner kvarandre frå før og dette er ei perfekt anledning til å bli kjent og skape felles opplevingar. Det også viktig å finne dei rette aktivitetane der alle i gruppa kan delta og vere inkludert i programmet.

5-kamp i Valldal Aktivitetspark

Dette er ein uhøgtideleg individuell konkurranse som passar for absolutt alle. Vi har satt opp fem øvingar som går på presisjon, smidigheit, memorering og statisk styrke der vi til slutt kårar ein vinnar av konkurransen. Kjekk aktivitet som varer i omlag ein time og kan passe inn i programmet som ein tilleggsaktivitet.

Klatrepark

Ein fin kombinasjon for eit lengre opphald er klatring i klatreparken først og så avsluttar vi med med 5-kampen til slutt. Klatring er ikkje anbefalt for gravide, men bort sett frå det så er dette ein aktivitet som passar alle ferdigheitsnivå. Ein får sjølv velje kva løyper ein vil klatre. Fleire kan klatre saman gjennomløypene så dette er sosialt, gir meistringsfølelse og kanskje kilar det litt imagen når du tek zip-line over elva!

Yoga og Sauna

Meretes Garden ligg eit par km frå klatreparken og kan lage opplegg for utdrikkingslag. Senk skuldrane og finn roa med ein felles yogatime og avslutt med eit opphald i sauna og spa. Både avstressande, hyggeleg og sosialt.

Yoga
5-kamp
No items found.

Meisterkamp i Valldal Aktivitetspark

Ein aktivitet spesielt tilpassa utdrikkingslag! Her har vi satt saman seks øvingar som både går på presisjon, styrke, kondisjon og smidigheit. Øksekasting, pil og bue og militær hinderløype er nokre av øvingane dykk får bryne dykk på. Etter omlag 1,5time kronar vi den som har samla mest poeng gjennom øvingane til meister.

Rafting eller juving i Valldal

Dersom dykk ynskjer fleire aktivitetar og har heile dagen til rådigheit så dette det perfekte opplegget. Bli med Uteguiden på ein 4 times raftingtur og deretter kjem dykk innom parken for ein meisterkamp. Er utdrikkingslaget er på seinsommaren eller haust så er det juving som gjeld grunna lågare vannføring i elva.

Overnatting

Hytter på Muri Hytteutleige er populære for grupper i alle størrelsar. Og dersom ein ynskjer å vere heilt for seg sjølv så er lavvo campen på Valldal Camping eit godt alternativ. Her har du både felles gapahuk med grillplass og eige toalett tilknytt leiren som ligg med litt avstand frå resten av campingen.
Dersom dykk har eit opplegg på Meretes garden er det også moglegheit for komfortabel overnatting i glamping.

Elles så har vi laga ein oversikt over andre som tilbyr overnatting i området i artikkelen Overnatting i Valldal.

Bowling, pizza og escapelabyrint

Kulå Bowling & Restaurant er lokalisert i sentrum av Valldal, og passar perfekt for utdrikkingslag. Kulå har 4 bowlingbaner med ein kapasitet på ca 30 personar og i kombinasjon med for eksempel ein pizzabuffet har du ei god oppskrift på ein vellykka kveld. Kulå har også biljard, dart og escapelabyrinten Trolldungeon i sine lokale, så her kan du velje blant fleire aktivitetar. Kulå har sjølvsagt ein velfylt bar med eit bredt utval av forfriskingar.

Booking

Ta gjerne tidleg kontakt for å sikre deg plass den aktuelle helga det gjeld. Vi veit deter vanskeleg å vite nøyaktig antall deltakarar på slike arrangement, men her i Valldal Aktivitetspark så kan du fritt endre antall deltakarar fram til 48 timar før arrangementet startar.

Send oss ein e-post til post@valldalaktivitetspark.no eller ring på 48090599 for å forhøyre deg om pris og kapasitet!

Militær hinderløype
Rafting
Lavvo camp
Zip-line
No items found.