Om Valldal Aktivitetspark

Valldal Aktivitetspark vart etablert med det formål å skape meir aktivitet for både fastbuande og tilreisande til området. Den er idyllisk plassert på Hjelme, rett ved elva Valldøla, og parken er oversikteleg med ei naturleg avgrensing alle vegar.

Valldal Aktivitetspark AS

Valldal Aktivitetspark AS vart etablert i mars 2014 av Erlend Hjelme, Gro Marita Valdal og Nils Jarle Hjelme.1. juli same år vart parken offisielt opna, og det var stor pågang av klatreglade gjestar allereie frå første dag.

Dagleg leiar er Erlend Hjelme og er einaste faste tilsette i selskapet. I sesong har vi i tillegg rundt 10 deltidstilsette som jobbar i aktivitetsparken.

Org. nr. 913 302 621

Sikkerhet

Selskapet Høyt og Lavt, som blant anna eig og driv Skandinavias største klatrepark i Vestfold, er leverandør og står bak bygginga av klatreløypene i Valldal. Valldal Aktivitetspark sett sikkerheita i parken høgt. Alle apparat og installasjonar for klatring er forsvarlig montert i henhold til bransjestandard EN – NS 15567. Klatreparken har årlig godkjenning og driftsløyve frå Statens jernbanetilsyn (SJT).

Miljø- og samfunnsansvar

Målet vårt er å ha fokus på miljøtiltak i kvardagen. Som bedrift skal vi gjennomføre tiltak for ei meir miljøvennleg drift og godt arbeidsmiljø. Vi skal drive smart og ha gode rutiner, sette oss miljømål og skape resultat. Vi ønsker også i størst mulig grad å velge leverandørar som er miljøsertifiserte, og samarbeider i dag med fleire slike bedrifter.